KFUM Volda kvalifisert i alle NM i aldersbestemte klasser

Søndag 2. februar arrangerte KFUM Volda RMU15, og med det var punktum for regionsmeisterskapa i Møre og Romsdal sett for denne gong. Fasiten er 5 av 6 gullmedaljar i regionsmeisterskapane og alle laga våre er dermed kvalifiserte for NMU15, NMU17 og NMU19.

Januar starta med RMU19 i Ålesund. Jentene hadde god kontroll gjennom heile meisterskapen og viste seg nok ein gong som eit mannskap som veit å leite fram godspelet når det er nødvendig. I GU19-klassa vart det mykje jamnare, men til slutt vann gutane over SK Rival i ein spennande finale. SK Rival-gjengen hadde henta heim alle spelarane sine frå ToppVolleyNorge og det var difor ekstra godt å ta sigeren til slutt.

RMU17 vart arrangert i Molde. Også her hadde jentelaget vårt full kontroll gjennom dagen. Mange spelarar fekk speletid og vi fekk vist fram breidda i troppen. Det er også kjekt å sjå at spelarane er allsidige og kan spele i mange ulike posisjonar. GU17-laget gjekk også av med sigeren i Molde denne dagen. Guteklassa var mykje jamnare, men laget vårt spelte disiplinert og vi vil seie at det var ein klar lagseier til GU17 denne dagen.

Søndag 2. februar var det endeleg vår tur til å arrangere RM. Denne dagen var det RMU15 som stod på programmet. Vi spotta fleire ferske, nervøse RM-debutantar i arenaen denne dagen. Laga fekk spele på storbane og for nokre vart det også ei utfordring som ein måtte jobbe litt med. JU15 spelte solid gjennom heile dagen, og vi forstod tidleg at finalespel var innanfor rekkevidde. Jentene kunne til slutt juble for gullmedalje. I GU15-klassa var det verkeleg jamt. Tre svært gode lag, og til slutt vart det KFUM Volda mot SK Rival i finalen. Laget frå Molde vann knepent 16-14 i tiebreaket, men her kunne det like godt ha bikka i vår favør. Sølv i RMU15 var likevel nok til at gutane våre er kvalifiserte til NMU15.

Utover våren ventar no fleire NM i aldersbestemte klasser, og vi er altså kvalifiserte med både gute- og jentelag i NMU15, NMU17 og NMU19. Vi gler oss stort til å følgje laga våre utover i sesongen.