NM i sandvolleyball for junior 2024

Då er ei veke med NM i sandvolleyball over for denne gong. Koll Volley var arrangør og det vart spelt kampar på 3 arenaer; Voldsløkka, Koll og NIH. KFUM Volda stilte med lag i alle klasse med unnateke av JU21. 26 spelarar representerte klubben og vi viste godt att med ein flott heiagjeng.

Fleire debutantar var med denne gongen også. Mykje godt spel og spesielt i dei yngste klassene hevda vi oss godt. I JU15 tok Lina Humberset og Helene Kolbjørnsen bronsemedalje. Det vart også bronse i JU16 for Ingrid Humberset og Frøya Keilen. Vi gratulerer!